Langfoss topptur

Turen går på gammal sti til topp-punkt Vardahaugen 640 moh., Panoramautikt til fjord, fjell, isbreen Folgefonna og breelva ned Mosnesdalen. Det er mykje flott steinarbeid på
stien. Første delen av turen går bratt opp gjennom furuskog. På ca 300 moh. er der skilt merket til midtre del av fossen.

Krevande tur. Ikkje egna for barn under 6 år. Høgdeskilnad: 15 – 640 m - Estimert tid ein veg: 2 timar. Gode tursko og klær er påkrevd. Båndtvang hund. Langtidsparkering på Langfoss rasteplass – kiosk og wc. Sesongåpning tursti 1. juni – 1. oktober.

Route

  1. Start
  2. Sti til fossen
  3. Høgste punkt