Jettegrytene ved Rullestad

Like ved den gamle postvegen i Rullestadjuvet er der fantastiske jettegryter. Du fylgjer merka sti til Jettegrytenuten. Deretter klatrar du ned til jettegrytene i sikra løyper med vaier og stigtrinn. Jettegrytene er blant dei største i Nord-europa og vart danna under siste istid. Då isen smelta laga is, sand og stein sylinderforma grotter i fjellet. Turen ned til sjølve grytene er ikkje for dei som har høgdeskrekk. Høgdeskilnad: 300 - 370 moh. Estimert tid: 2 timar. Turkart: Etne – Saudafjella. Startpunkt og parkering: På Rullestad eller Skromme.

Langfoss topptur

Turen går på gammal sti til topp-punkt Vardahaugen 640 moh., Panoramautikt til fjord, fjell, isbreen Folgefonna og breelva ned Mosnesdalen. Det er mykje flott steinarbeid på stien. Første delen av turen går bratt opp gjennom furuskog. På ca 300 moh. er der skilt merket til midtre del av fossen. Krevande tur. Ikkje egna for barn under 6 år. Høgdeskilnad: 15 – 640 m - Estimert tid ein veg: 2 timar. Gode tursko og klær er påkrevd. Båndtvang hund. Langtidsparkering på Langfoss rasteplass – kiosk og wc. Sesongåpning tursti 1. juni – 1. oktober.

Rullestadjuvet–Simlebu–Langfoss

Kjør av på nye E 134 ved krysset inn til Rullestad Aktiv Fritid. Kjør så ca 2 km på gamlevegen til du kjører over ei smal bru. På høgresida finn du startpunktet for turen merka Simlebu. Følg merka turløype fram til sjølvbetjent hytte. Denne første etappen vil ta ca 2,5 time.

Rullestadvatnet rundt

Flott naturløype i kupert og variert terreng. Stien som går rundt vatnet, og er fint opparbeidd med nye bruer og trapper. Du passerer gamle murar, fossebrus og badestrand, og det er ein fin tur for heile familien.