Opplev Åkrafjorden

Her inne, i og rundt vår vakre fjord har me mykje å by på. Om du tek turen, står me klar til å ta imot deg.
Saman kan me skapa gode opplevingar som vekkjer sansane. Sjå vårt utval av turar og opplevingar under:


Kanoutleige, Rullestadvatnet

To kanoar for utleige ved Rullestadvatnet.

FraNOK 250
Bestill nå!

Rullestadjuvet–Simlebu–Langfoss

Kjør av på nye E 134 ved krysset inn til Rullestad Aktiv Fritid. Kjør så ca 2 km på gamlevegen til du kjører over ei smal bru. På høgresida finn du startpunktet for turen merka Simlebu. Følg merka turløype fram til sjølvbetjent hytte. Denne første etappen vil ta ca 2,5 time.

Langfoss topptur - guidet dagstur

Bli med oss opp til topps på ein av verdas vakraste fossar. Turen tek oss opp til 640 moh. Her kan du nyte ei fantastisk utsikt over Åkrafjorden og Folgefonna Nasjonalpark. Vår lokalkjende guide berikar turen med historiar og fakta.

Tur langs Åkrafjorden

Turen som passer særs godt for bussgrupper. Her får du ein totalpakke som inkluderar gamlevegen, lokalmat, kåseri og handel.

Dagstur til Rullestad

Flott dagstur til Rullestad heilt aust i Etne kommune. Rullestad er kjent for å ha ein av Nord-Europas störste Jettegryter. Ein natur som kunstneren Lars Hertervig brukte både som terapi og inspirasjon til nokre av hans störste verk. Velkommen på dagstur til Rullestad.

Ridetur til Vikastølen

Bli med på ridetur frå bygda Åkra i Kvinnherad opp til Vikastølen. Vel oppe salar me av hestane, set dei i innhegning, får oss ein matbit, kaffi, kanskje eit bad i stølsvatnet og nyt livet.

Villmarkspakken

Bli med oss til den lokale Villmarksleiren og kom styrka tilbake til kvardagen. Her får du kjenna på villmarkslivet, delta på ulike samarbeidsaktivitetar og få servert lokal produsert mat med røtter heilt tilbake til 1870.

Øypakken

Bli med MS Stein Viking ut på dei vakre øyane i Sunnhordlandsbassenget. Turane går der du sjølv ønskjer og me henter og bringer etter avtale. Me ordnar både mat og drikke etter behov. Ta med dine gjester, slapp av og nyt frisk sjøluft.

Traktorsafari til Eikemo

Ein eksotisk tur til plassen «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Bygda Eikemo er kjent frå NRK-serien med samme namn.

Fjordcruise for grupper: Langfoss og Åkrafjorden

Opplev vakre Åkrafjorden med eit Fjordcruise med MS Stein Viking. Her får du den beste utsikten til Åkrafjorden sine mange attraksjonar. Kontrastane er store frå veglause gardar, nakne fjellvegger og frodig kulturlandskap til steinalderfunn og småkraftverk. Høgdepunktet på turen er synet av Langfoss. Langfoss har eit fall på 612 meter og er stemt frem som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel.

Adrenalinpakken

Trolljuv Adrenalinpark tilbyr årets heftigaste adrenalinkick med strikkhopp for grupper på minimum 15 personer. Har eigen kalender for åpningstider og prisar for individuelt besøkande på: www.adrenalinpark.no

Skakkepakke - bålmat i naturen

Her står mat og natur i sentrum. Me tar dåke med på ein flott tur i den lokale naturen og fyrer opp bål og lagar til eit 3 rettes måltid du seint vil gløyma. Her vil dere kunne ta del i matlaginga sjølv om ønskeleg.

Hotellpakke, Skånevik Fjord hotel

Flott totalpakke som inkluderar alle aktivitetar, overnatting og måltid. Program som kan skreddersys over to dager med ei overnatting på Skånevik Fjordhotel.

Fantastisk fossefall, fjorder og villmark

Guidet sightseeing i minibuss fra Haugesund til Åkrafjorden og Skånevik, med Langfoss – stemt frem som en av de vakreste fosser i verden – som hovedattraksjon! Lokal lunsj servert i den fantastiske Skånevik Villmarksleir.

Hotellpakke, Fugl Fønix hotel

Flott totalpakke som inkluderar alle aktivitetar, overnatting og måltid. Program som kan skreddersys over to dager med ei overnatting på Fugl Fønix hotel.

Ei heiso reis (fullbooka)

23. september byr reiselivsaktørar i Etne og Vindafjord på lokal opplevingsreality: ein eigen kombiversjon av Amazing Race og 71 grader nord. Bedrifter, lag og organisasjonar er med dette utfordra til å kasta seg ut på «Ei heiso reis».