På vandring med Trygve Øvstebø

Fra NOK 600

Laurdag 26. til søndag 27.08.2017 har du moglegheita til å vere med på ein unik overnattingstur i dei flotte fjellområda på Nordsida av Åkrafjorden. Turen går med kløvhest og kjentmann. 

 

Fra NOK 600

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

Turen startar med eit lite cruise ombord i M/S Stein Viking frå Teigland over til den litle bygda Åkra på nordsida av Åkrafjorden. Der møter me den lokale kjentmannen Trygve Øvstebø, som tek oss med innover i sitt fjellrike. Trygve har gått i desse fjella frå barndommen av og er glad i å fortelje historiar frå området. På denne turen vil han gå med kløvhest. Laurdagskvelden slår me leir oppe i høgfjellet og lagar oss bålkaffi og eit herleg villmarksmåltid, inkludert i prisen. Du overnattar i eige telt. Søndagen fortset me vandringa innover til Bjellandsbu; den nydelege hytta til Osvald Bjelland i ekte Snøhetta-design. Deretter set me nasen nedover til Eintveit, der M/S Stein Viking hentar oss ca kl 14.30.

Ta med gode klær og fottøy, telt, sovepose, liggeunderlag, litt bytekler og toalettsaker, niste til vegen og frukost søndag. 

Turen er noko krevande og passar for dei som er vane med å gå bratt fjellterreng. Det blir ca 5 timar vandring per dag.

Avgang: laurdag kl. 09.00 frå Teigland kai
Retur: søndag kl. 14.30 frå Eintveit kai 
Pris kr. 600,-

NB! Møt opp i turistinformasjonen på Åkrafjordtunet seinast kl 8.45 laurdag morgon for registrering. Me går samla ned til Teigland Kai.

Høydepunkt

- Overnatting i telt

- Lokalhistorie

- Villmarksmåltid

- Bjellandsbu

- Høgfjell

- Naturoppleving


 

Reiserute

  1. Teigland kai
  2. Åkra