Ei heiso reis (fullbooka)

23. september byr reiselivsaktørar i Etne og Vindafjord på lokal opplevingsreality: ein eigen kombiversjon av Amazing Race og 71 grader nord. Bedrifter, lag og organisasjonar er med dette utfordra til å kasta seg ut på «Ei heiso reis».

Seks femmannslag skal ta seg fram mellom totalt seks stasjonar «til lands og til vanns». Laga skal utfordrast med både praktiske og teoretiske oppgåver undervegs.

Heile ferda vil bli ei dagsreise, der deltakarane skal få bryna seg på litt av kvart undervegs, i tillegg til strabasane på kvar etappe mellom stasjonane. Ved målet vil det sjølvsagt bli storstilt feiring etter endt reis. I påmeldingsavgifta er det inkludert eit festmåltid for alle deltakarar. Øvrige tilsette i bedriftene kan melde seg på til feiring og måltid ved å maile oss på booking@aakrafjorden.no, kr 400,- per pers.

Om ein i TV-versjonane av realityshowa gjerne har lagt lista til det noko ekstreme, er terskelen på langt nær så høg i den lokale varianten. Og det er ikkje nødvendigvis verken fysisk styrke eller fart som avgjer vinnarlaget. 

Ein treng ikkje vera noko idrettsutøvar for å bli med på dette. Oppgåvene blir varierte, og skal passe for allsidig samansette lag. Målet vårt er at laga i seg sjølv skal få ein uforgløymeleg dag der lagbygging står i hovudfokus. I tillegg har me ei målsetjing om at både deltakarar og publikum får augo opp for dei mange tur- og reiselivstilboda me har i distriktet.

Alle laga vil få tilsendt meir informasjon etter påmelding.

Høydepunkt

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage, i samarbeid med fleire reiselivsaktørar 
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar 
  • Ope for totalt 30 deltakarar (seks femmannslag)

Reiserute

  1. TBA Etne/Ølen