Langfoss topptur - guidet dagstur

Forespørsel

Bli med oss opp til topps på ein av verdas vakraste fossar. Turen tek oss opp til 640 moh. Her kan du nyte ei fantastisk utsikt over Åkrafjorden og Folgefonna Nasjonalpark. Vår lokalkjende guide berikar turen med historiar og fakta.

Forespørsel

Den gamle setervegen snor seg i sikksakk oppover den bratte fjellsida til venstre (nordaust) for fossen. Første delen av turen går opp gjennom flott furuskog. Vegen som er murt opp for hand mange plassar, vitnar om tidlegare generasjonars slit, og den er enno i bruk når sauene skal til fjells på sommarbeite. Du ser lite av fossen på vegen opp, men høyrer buldringa. På cirka 300 meters høgde tek det av ein skilta sti som går heilt bort til fossen, og du kan beundra fossebruset og naturkreftene på nært hald. Vidare oppover blir skogen tynnare og utsikta flottare og flottare, og du ser fjorden og Eljarvik-garden langt under deg. Vegen er godt merka og skilta med artige, gamle stadnamn og høgdemeter. Topp-punktet er Vardahaugen 640 m.o.h. med dramatisk natur og eit mektig utsyn! Du ser heile Åkrafjorden og fjellpartia rundt, du ser Folgefonna-isbreen og den grønne breelva ned Mosnesdalen og høyrer duren av Langfoss som kastar seg utfor fjellet like ved på si ville ferd mot fjorden.

På toppen kan du nyte ein velfortent nistepause til ei spektakulær utsikt, før du eventuelt føl stien nokre hundre meter inn mot Langfosstølen der du opplever ein heilt annan natur: Stølshusa ligg på ei lun flate, og elva flyt i rolege svingar gjennom det grønne og frodige landskapet. Ein sjarmerande idyll i overraskande kontrast til fjellpartiet rundt Varahaugen og Langfoss med sitt 612 meter høge fall like ved.

Krevande tur, ca 1,8 kilometer ein veg, med stigning på 625 meter. Lite eigna for barn under 6 år.

Estimert tid ein veg: 2 timar. Gode tursko og klær er påkrevd. Hugs bandtvang for hund. Langtidsparkering på Langfoss rasteplass ved E134. Der er også kiosk og wc. Gå gjennom undergangen, og følg den godt skilta stien som startar like ved vegen.

Sesong frå ca. juni – oktober. 

Høydepunkt

- Gamal stølsveg
- Utsiktspunktet halvvegs
- Vardahaugen 640 m.o.h.
- Langfosstølen 

Reiserute

  1. Parkering
  2. Sti til fossen
  3. Høgaste punkt
  4. Langfosstølen