Fjordsightseeing til Langfoss

Opplev vakre Åkrafjorden med ei fjordsightseeing med M/S Stein Viking. Her får du den beste utsikta til Åkrafjorden sine mange attraksjonar. Kontrastane er store frå veglause gardar, nakne fjellvegger og frodig kulturlandskap til steinalderfunn og småkraftverk. Høgdepunktet på turen er synet av Langfoss, som har eit fall på 612 meter og er stemt frem som ein av verdas vakraste fossar av CNN Travel.

Fjordcruiset går kvar søndag i juli og august med forbehold om minimum 10 stk påmeldte. Bestilling og betaling av turen skjer her på nettsidene våre og må vere inne til kl 17.00 dagen før. (for meir info, sjå våre kjøpsvilkår)

Turen startar med oppmøte i Turistinformasjonen på Åkrafjordtunet seinast kl 11.45. Der blir de registrerte og får billett for ombordstiging på båten. Parkering er på Åkrafjordtunet. Vår lokalkjende guide tek dykk alle samla ned til Teigland kai for ombordstigning på MS Stein Viking.

Fjordcruiset varer i ca 3 timar og har ei fast rute. Me startar med utsegling frå Teigland kl 12.00 og går langs Nordsida av fjorden inn til Langfoss. På Langfoss kai blir det ein kort stopp med moglegheit for avstiging for foto og besøk i kiosken. Turen går vidare inn fjorden til bygda Fjæra innerst i Åkrafjorden. Her blir det avstiging og bygdevandring med Fjæra Kyrkje og Marine Harvest sitt nye settefiskanlegg som høgdepunkt. Etter besøket i Fjæra går turen tilbake til Langfoss via Mosnes Fyr. Den siste etappen blir segla langs sørsida av fjorden og gir oss eit innblikk i ingeniørkunsten bak den gamle Åkrafjordvegen som blei bygga under 2. verdenskrig. Ankomst Teigland kai ca kl 15.00.

 

Høydepunkt

- Langfoss, 612 meter
- Saga på Djuve
- Gamle Fjæra kyrkje
- Eit av Europas mest moderne settefiskanlegg
- Veglause gardar
- Gamle Åkrafjordvegen

Reiserute

  1. Åkrafjordtunet
  2. Langfoss
  3. Fjæra
  4. Mosnes
  5. Gamle Åkrafjordvegen
  6. Teigland