Fjordcruise for grupper: Langfoss og Åkrafjorden

Forespørsel

Opplev vakre Åkrafjorden med eit Fjordcruise med MS Stein Viking. Her får du den beste utsikten til Åkrafjorden sine mange attraksjonar. Kontrastane er store frå veglause gardar, nakne fjellvegger og frodig kulturlandskap til steinalderfunn og småkraftverk. Høgdepunktet på turen er synet av Langfoss. Langfoss har eit fall på 612 meter og er stemt frem som ein av verdens vakraste fossar av CNN Travel.

Forespørsel

Me skreddarsyr tur på fjorden for grupper. Her kan me variere med tider og av og påstigning. Gruppeturane blir ofte kombinert med servering av lokalmat hjå ein av våre samarbeidspartnerar. Me kan også ordne med servering ombord. Eit Fjordcruise kan meir enn gjerna kombineras med ein utflukt til f.eks Skånevik, Åkra eller Eikemo for og nevna noko. Moglegheitene er mange og me står gjerna til teneste. Vår lokalkjente guide tar dere uansett vel imot og gir dåke både lokalhistorie og eit vertskap som me kan væra stolte av.

MS Stein Viking er sertifisert for 48 passasjerer. Prisar vil variere etter innhald og lengd. Ta kontakt for eit uforplikatande tilbud.

Høydepunkt

- Langfoss 612 meter
- Gamle Åkrafjordvegen
- Alt etter rute

Reiserute

  1. Haugesund