20.-21. august: På vandring med Larsemann

Bli med på vår unike overnattingstur i indre Etnefjell med kjentmann og forfattar Lars Erlingson Lundal. Han tar oss opp i «sitt rike» for å gje deg både historiar og naturopplevingar utanom det vanlege.

Oppmøte på parkeringsplassen ved Markhusgardane kl 10.00. Her møter me vår guide som tar oss med opp i fjellet. Turen stiller krav til deltakerane og ein bør vera i normal god form. Ta med gode klær og fottøy samt niste, drikke og grillmat til felles grilling på kvelden. Overnatting i eige telt eller på Sandvass Turisthytte.

Pris per person er 250,- eks parkering og evt overnatting turisthytte. Hugs påmelding!

Høydepunkt

- Stølane
- Vaulo
- Larsebu
- Kunnskap og historiar frå vår guide

Reiserute

  1. Markhusgardane
  2. Sandvasshytta