28. august: UTSOLGT! Kulturhistorisk vandring (Nordsidemarsjen, 6km)

Ein flott tur langs den gamle ferdavegen på den veglausa sio av Åkrafjorden. Ei kulturhistorisk vandring på «gjengrodde» stiar med mange høgdepunkt langs den ca 6 km lange Nordsidemarsjen. På garden Eintveit blir det intimkonsert med Stanley Jacobsen som ei flott avsluttning.

Oppmøte på Åkrafjordtunet seinast 15 min før avgang for registrering og evt. betaling. Me går frå Teigland kai med MS Stein Viking over til Kvandal kl 11.00. Turen går frå gard til gard på nordsida og krev god form og førlighet. Turen er på ca 6 km i ulent terreng og på krevande sti. Turen tar ca 4 timer. Ta med niste og drikke til fotturen. Gode klær og fottøy. Det vil bli servert heimalaga rømmegraut og lokal spekemat når ein kjem fram til løypas siste gard. Som avslutning på dagen blir det konsert med Stanley Jacobsen. Retur frå Eintveit ca 16.30.

MERK! Det er mogleg med kun konsert. Då med avgang kl 14.00 frå Teigland kai.

Høydepunkt

- Kvandal
- Hammarsland
- Strond
- Bjelland
- «Den veglause brua»
- Eintveit
- Lokalmat
- Intimkonsert med Stanley Jacobsen

Reiserute

  1. Teigland
  2. Kvanndal
  3. Hammarsland
  4. Strond
  5. Bjelland
  6. Eintveit