Langfoss topptur

Turen opp den gamle stølsvegen ved Langfoss er bratt, men du blir rikt belønna: Nærkontakt med eit av verdas vakraste fossefall når du er kommen halvvegs, og utsikt som kan ta pusten frå deg på toppen.

- Frå 15-640 m.o.h.
- Kom tett på fossen
- Fantastisk utsikt

Høydepunkt

Den gamle setervegen snor seg i sikksakk oppover den bratte fjellsida til venstre (nordaust) for fossen. Første delen av turen går opp gjennom flott furuskog. Vegen er murt opp for hand mange plassar, og vitnar om tidlegare generasjonars slit når buskapen skulle på sommarbeite, og tunge bører med smør og ost skulle heim frå stølen. Du ser lite av fossen på vegen opp, men høyrer buldringa. På cirka 300 meters høgde tar det av ein skilta sti som går heilt bort til fossen, og du kan beundra fossebruset og naturkreftene på nært hald. Vidare oppover blir skogen tynnare og utsikta flottare og flottare, og du ser fjorden og Eljarvik-garden langt under deg. Vegen er godt merka og skilta med artige, gamle stadnamn og høgdemeter. Topp-punktet er Vardahaugen 640 moh. med dramatisk natur og eit mektig utsyn! Du ser heile Åkrafjorden og fjellpartia rundt, du ser Folgefonna-isbreen og den grønne breelva ned Mosnesdalen og høyrer duren av Langfoss som kastar seg utfor fjellet like ved på si ville ferd mot fjorden.

På toppen kan du nyta velfortent nistepause og utsikt, før du eventuelt føljer stien nokre hundre meter inn mot Langfosstølen der du opplever ein heilt annan natur: Stølshusa ligg på ein lun flate, og elva flyt i rolege svingar gjennom det grønne og frodige landskapet. Ein sjarmerande idyll i overraskande kontrast til fjellpartiet rundt Varahaugen og Langfoss med sitt 612 meter høge fall like ved.

Krevande tur, ca 1,8 kilometer ein veg. Høgdeforskjell 15 – 640 moh. Lite eigna for barn under 6 år.

Estimert tid ein veg: 2 timar. Gode tursko og klær er påkreva. Hugs bandtvang for hund. Parkering på Langfoss rasteplass ved E134, der er også kiosk og wc. Gå gjennom undergangen, og følg den godt skilta stien som startar på andre sida like ved vegen.

Sesong ca juni - oktober. 

Reiserute

  1. Start
  2. Sti til fossen
  3. Høgste punkt