Rullestadjuvet–Simlebu–Langfoss

Kjør av på nye E 134 ved krysset inn til Rullestad Aktiv Fritid. Kjør så ca 2 km på gamlevegen til du kjører over ei smal bru. På høgresida finn du startpunktet for turen merka Simlebu. Følg merka turløype fram til sjølvbetjent hytte. Denne første etappen vil ta ca 2,5 time.

Neste dag går turen innover langs fjellmassivet over Blomstølsskard, og over på heilårssti i nordenden av Blomstølsvatnet. Er eit stidele når du kjem inn til foten av fjellvatnet  Vaula, 900 moh. Her tek du av til høgre ned Langfossdalen. Panoramautsikt over fjord, fjell og isbreen Folgefonna møter deg på turen. Bratt nedstigning frå topp-punktet på Langfossen Vardahaugen, 640 moh. Følg merka sti på høgresida av fossen heilt ned til Åkrafjorden og Langfoss Kiosk.

Kart (Indre Etnefjell 2669)og kompass/GPS anbefales for denne turen.
Gangtid Dag 1: 2,5 timer Dag 2: 7 timer

Høydepunkt

- Landskap frå fjord til høgfjell
- Fantastisk utsikt
- Elvar og fossefall
- Gode stiar å gå på
- Overnatting på turisthytte
- Kulturlandskap
- Gamle stølar

Reiserute

  1. Simlebu
  2. Hengebru ved Vaulavatnet
  3. Simlebu