Rullestadvatnet rundt

Flott naturløype i kupert og variert terreng. Stien som går rundt vatnet, og er fint opparbeidd med nye bruer og trapper. Du passerer gamle murar, fossebrus og badestrand, og er ein fin tur for heile familien.

For dei som ønskjer ein mindre krevande tur, er dette eit flott alternativ ved foten av Etnefjella. Stien rundt Rullestadvatnet blei laga på dugnad av bygdefolket for få år sidan, den er skilta og godt opparbeidd og føljer terrenget rundt vatnet. Somme plassar går den heilt nede i vasskanten der friskusar kan ta seg eit bad. Andre plassar er det snekra finurlege tretrapper og gangvegar over store steinurer.

Sagelvo fossar ned fjellsida og dannar sin karakteristiske formasjon, og ei fin trebru tar deg trygt over. Her ved elva ser du murar etter ei gammal oppgangssag frå 1805 som blei driven ved hjelp av vasskrafta frå elva.

Turstien har mange fine plassar å ta seg ein rast og litt niste, og er du heldig så finn du bær langs stien gjennom skogen. Terrenget er kupert med litt opp og ned, og enkelte plassar litt krevjande, men ikkje verre enn at turen passar for alle i normalt god form og for heile familien.

Tid: ca 1,5 t. Høgdeforskjell: 95 - 115 moh.

Startpunkt og parkering: Flåto, på toppen av bakken opp frå Fjæra eller campingplassen Rullestad Aktiv Fritid. Campingplassen har også bussparkering, og kafe og kiosk har ope kvar dag i sommarsesongen.

Sesong: Barmark, ca. april - november.

Høydepunkt

- Lettgått tur
- Rester frå ein svunnen tid
- Passar for familier
- Kjøp is på Rullestad når du kjem rundt

Reiserute

  1. Rullestad Aktiv Fritid
  2. Sagelva
  3. Flåtefossen