Jettegrytene ved Rullestad

Jettegrytene i Rullestadjuvet er eit imponerande naturfenomen skapt under siste istida. Godt merka og sikra sti fører ned til dei sylinderforma grottene som du ikkje kan sjå frå vegen. Stien tar av frå den gamle postvegen som i seg sjølv er verd ein tur.

Langfoss topptur

Turen opp den gamle stølsvegen ved Langfoss er bratt, men du blir rikt belønna: Nærkontakt med eit av verdas vakraste fossefall når du er kommen halvvegs, og utsikt som kan ta pusten frå deg på toppen.

Rullestadjuvet–Simlebu–Langfoss

Kjør av på nye E 134 ved krysset inn til Rullestad Aktiv Fritid. Kjør så ca 2 km på gamlevegen til du kjører over ei smal bru. På høgresida finn du startpunktet for turen merka Simlebu. Følg merka turløype fram til sjølvbetjent hytte. Denne første etappen vil ta ca 2,5 time.

Rullestadvatnet rundt

Flott naturløype i kupert og variert terreng. Stien som går rundt vatnet, og er fint opparbeidd med nye bruer og trapper. Du passerer gamle murar, fossebrus og badestrand, og er ein fin tur for heile familien.