Like ved den gamle postvegen i Rullestadjuvet er der fantastiske jettegryter. Du fylgjer merka sti til Jettegrytenuten. Deretter klatrar du ned til jettegrytene i sikra løyper med
vaier og stigtrinn. Jettegrytene er blant dei største i Nord-europa og vart danna under siste istid. Då isen smelta laga is, sand og stein sylinderforma grotter i fjellet. Turen ned til sjølve grytene er ikkje for dei som har høgdeskrekk.
Høgdeskilnad: 300 - 370 moh. Estimert tid: 2 timar. Turkart: Etne – Saudafjella.
Startpunkt og parkering: På Rullestad eller Skromme.