Ei heiso reis 2019

Er de klar til å måla krefter, testa kløkt, fart og samarbeidsevne i kamp med nabobedrifta? 28. september legg me ut på ei ny Heiso Reis.

Me gjentek suksessen og inviterer til lokalreality fritt etter modell frå 71 Grader Nord og Amazing Race.

– Reisa blei eventyrleg for alle som var med i fjor, og nå gler me oss til å invitera endå fleire med, på ei ny, strabasiøs oppleving med særs høg underhaldningsfaktor for alle deltakarar, seier arrangørar John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving og Morten Helland i Medvind24 Næringshage.

Gjennom ei heil dagsreis, både til lands og til vanns, skal deltakarane ta seg fram gjennom ei ukjent løype i Etne og Vindafjord. I løpet av løypa skal dei utfordrast på ei rekkje postar undervegs. Som tidlegare må deltakarane forventa å måtta ta seg noko ut, både fysisk, men også når det kjem til kreative evner, teamarbeid og tålmod. 

Gjengs for alle oppgåver og heile løypa: stor underhaldningsfaktor og garantert uforgløymelege augneblink. 

I fjor deltok åtte lag frå bedrifter i Etne og Vindafjord på reisa gjennom kommunane.

– Poenget er å tilby ein dag spekka med gode opplevingar for heile gjengen som deltar. Det lukkast me med i fjor, og difor vil me tilby endå fleire denne opplevinga i år, seier Hustveit.

1.juni opnar påmeldinga for totalt 40 deltakarar – fordelt på åtte femmannslag som må representera ei lokal bedrift eller organisasjon. Som ein del av gevinsten er vinnarlaget frå fjorårets reis automatisk registrert som deltakarlag også dette året.

Laga skal gjennomføra løypa på tid, men poenga ved kvar post undervegs vil også vega tungt når vinnaren skal kårast.

– Ruta og oppgåvene vil vera ny av året og sjølvsagt heilt framand for deltakarane. Likevel vil kollegaer, familiemedlemmer og andre interesserte publikummarar få sjansen til å sjå finalerundane då målområdet vil blir gjort kjent i forkant av reisa, seier Helland.

 

Meir informasjon: kontakt John Karsten Hustveit på tlf.: 916 89 377

Høydepunkt

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, 28. september
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage, i samarbeid med fleire aktørar innan lokalt reiseliv og næringsliv
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar
  • Ope for totalt 40 deltakarar (åtte femmannslag)
  • Påmelding opna 1. juni kl 9 via Åkrafjorden Oppleving

Reiserute

  1. TBA Etne/Ølen