Ei Heiso Reis 25.september 2021

Forespørsel

UTSOLGT! Me er endeleg tilbake! Er de igjen klar for å måla krefter, testa kløkt, fart og samarbeidsevne i kamp med nabobedrifta?
 

Forespørsel

Oppdatering 1. juni 2021: UTSOLGT!

Då var åtte lag gjennom første Heiso Reis-hinder i år - nemleg påmeldinga ????
Desse er klar for Heiso Reis 2021:
• Nortura Sandeid
• Omega 365
• Tveit Maskin A/S
• Westcon Group
• Haugaland Kjøleservice As
• Småfolk barnehage
• Funtek
• Helgevold Gruppen
 

---

 "Ei Heiso Reis" Lørdag 25. september 2021
Pris for eit bedriftslag med 5 deltagerar Kr. 7500.-
Legger ut påmelding frå 01. Juni.09:00
Tar forbehold om at det kan bli avlyst for tiltak covid 19.

Etter eit år med ufrivilleg pause grunna Corona er me nå tilbake. Me gjentek suksessen og inviterer til lokalreality fritt etter modell frå 71 grader Nord, Amazing Race og Mesterens Mester.

– Reisa blei eventyrleg for alle som var med i 2019. Då var det Helgevold Elektro som stakk av med seieren. Planlegginga er i full gong og me gler oss til å kunne tilby nok ei strabasiøs oppleving med særs høg underhaldningsfaktor for alle deltakarar, seier arrangørar John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving og Morten Helland i Medvind24 Næringshage.

Gjennom ei heildagsreis, både til lands og til vanns, skal deltakarane ta seg fram gjennom ei ukjent løype. I løpet av dagen skal dei utfordrast på ei rekkje postar undervegs. Som tidlegare må deltakarane forventa å måtta ta seg noko ut, både fysisk, men også når det kjem til kreative evner, teamarbeid og tålmod. 

Gjengs for alle oppgåver og heile løypa: stor underhaldningsfaktor og garantert uforgløymelege augneblink. 

– Poenget er å tilby ein dag spekka med gode opplevingar for heile gjengen som deltar.

1.juni opnar påmeldinga for totalt 40 deltakarar – fordelt på åtte femmannslag som må representera ei lokal bedrift eller organisasjon. Som ein del av gevinsten er vinnarlaget Helgevold Elektro frå 2019 automatisk registrert som deltakarlag også dette året.

Laga skal gjennomføra løypa på tid, men poenga ved kvar post undervegs vil også vega tungt når vinnaren skal kårast ein plass i vårt flotte distrikt utpå ettermiddag/kveld den 25. september.

– Ruta og oppgåvene vil tradisjonen tru væra nye av året og sjølvsagt heilt framand for deltakarane. Er dåke klare?

Meir informasjon: kontakt John Karsten Hustveit på tlf.: 916 89 377

<iframe src="https://player.vimeo.com/video/543501208" width="640" height="640" frameborder="0" allow="autoplay; fullscreen; picture-in-picture" allowfullscreen></iframe>

Høydepunkt

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, Lørdag 25. september 2021
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind 24 Næringshage, i samarbeid med fleire aktørar innan lokalt reiseliv og næringsliv
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar
  • Ope for totalt 40 deltakarar (åtte femmannslag)
  • Påmelding opna 1. juni kl 09.00 via Åkrafjorden Oppleving si heimeside: www.aakrafjorden.no
  • Forbehold om tiltak Covid 19

Reiserute

  1. TBA Etne/Ølen