Kanoutleige, Rullestadvatnet

To kanoar for utleige ved Rullestadvatnet.

Me har to kanoar tilgjengeleg for leige.

Kanopadling er ein kjekk aktivitet for både store og små, og kanoane me leiger ut er så breie og stabile at alle kan føle seg trygge på vatnet. Det er plass til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born i ein kano, men kanoen er også lett å padle åleine. Med i leiga føl 3 flytevestar og 2 årer per kano. Flytevestane passar alle frå 40 - 120 kg. Born under 40 kg må ha med seg eigen redningsvest. Kanoane har ergonomiske seter, kopphaldarar, vasstett rom til oppbevaring av verdisaker og kjølerom/lasterom. Alt er lagt tilrette for at du skal kunne kose deg i kanoen heile dagen. Rullestadvatnet er eit idyllisk vatn omgitt av fjell, fossar, ei elv og vakkert kulturlandskap. Det er også eit veldig godt fiskevatn, og det går fint å fiske frå kano.

Kanoane er å finne på Rullestad Camping, men betaling og henting av årar og vestar skjer ved Åkrafjorden B&B.

Høydepunkt

  • To kanoar
  • Pris kr 250,- per kano

Reiserute

  1. Rullestad Camping