Unik tur i eit fantastisk fjell- og fjordlandskap

Opplev den fascinerande naturen i og rundt Røldal frå sykkelsetet – frå dei høgaste fjella til den mektige Langfoss som majestetisk endar opp i fjorden.

Røldal har spektakulære gamle vegar som går utanom dei lange tunellane, bygd stein for stein med imponerande ingeniørkunst og handverk. Du får også ei fantastisk fjellutsikt. Me køyrer deg med buss til det høgaste punktet i Røldalsfjella. Guiden leiar gruppa frå fjelltoppen og ned til fjorden.
Rute:

Frå fjella i Røldal til Eljarvik gard ved Åkrafjorden. Frå garden får me den beste utsikta til Langfoss, som er kåra til ein av verdas vakraste fossar av CNN Travel.

Informasjon:

  • Varigheit: 5 timar / 25 km
  • Sesong: Juni til oktober
  • Vanskegrad: Middels
  • Inkludert: Guide, sykkel, hjelm, transport med minibuss og lokal lunsj på Eljarvik gard
  • Du treng: Uteklede, hanskar og drikkeflaske
  • Oppmøtestad: Røldal stavkyrkje
  • Alternative oppmøtestader: Hordatun hotell og Røldalsterrassen
  • Starttid: Kl 11.00
  • Grupper på førespurnad: Min. 10, maks. 15 pers.

Høydepunkt

  • Spektakulære gamle vegar
  • Fantastisk utsikt frå fjelltoppane
  • Langfoss

 

Send førespurnad

Lurer du på noko angåande denne aktiviteten? Gi oss ein lyd!