Kanoutleige, Stordalsvatnet

To kanoar for utleige ved Stordalsvatnet.

Me har to kanoar tilgjengeleg for leige, der ein kan velja mellom å leige for to timar (250,-), eller heile dagen (500,-).

Kanopadling er ein kjekk aktivitet for både store og små, og kanoane me leiger ut er så breie og stabile at alle kan føle seg trygge på vatnet. Det er plass til 3 vaksne eller 2 vaksne og 2 born i ein kano, men kanoen er også lett å padle åleine. Med i leiga føl 3 flytevestar og 2 årer per kano. Flytevestane passar alle frå 40 - 120 kg. Born under 40 kg må ha med seg eigen redningsvest. Redningsvestar og årer hentes på Turistinformasjon på Åkrafjordtunet. Kanoane ligg på Ingebritsplan (ta av frå E134 mellom Stordalstunellen og Klypetunellen  og følg skilting til Frette). Kanoane har ergonomiske seter, kopphaldarar,  vasstett rom til oppbevaring av verdisaker og kjølerom/lasterom. Alt er lagt tilrette for at du skal kunne kose deg i kanoen heile dagen. Stordalsvatnet er eit idyllisk vatn omgitt av vakkert kulturlandskap og er 11,8 km langt. Her er også god mulighet for fiskefangst om ein prøver lykken. Dei vanligste fiskeslaga her er Aure og Røye, og det går fint å fiske frå kano.

For å få utlevert utstyret, må du framvise kvittering for betalt booking.

 

Høydepunkt

To kanoar

Leig for to timar (250,-)

Leig heile dagen (500,-)

Reiserute

  1. Haugesund