Ei heiso reis 2020

Fra NOK 6'000

Er de klar til å måla krefter, testa kløkt, fart og samarbeidsevne i kamp med nabobedrifta? Også i 2020 legg me ut på ei ny Heiso Reis!

Fra NOK 6'000

Bestill nå!


Me gjentek suksessen og inviterar til lokalreality, fritt etter modell frå 71 Grader Nord og Amazing Race.

– Reisa blei eventyrleg for alle som var med i fjor, og nå gler me oss til ei ny strabasiøs utgåve med særs høg underhaldningsfaktor for alle deltakarar, seier arrangørar John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving og Morten Helland i Medvind24 Næringshage.

Gjennom ei heil dagsreis, både til lands og til vanns, skal deltakarane ta seg fram gjennom ei ukjent løype i vårt flotte nærområde. I løpet av løypa skal dei utfordrast med ei rekkje oppgåver undervegs. Som tidlegare må deltakarane forventa å måtta ta seg noko ut, både fysisk, men også når det kjem til kreative evner, teamarbeid og tålmod. 

Gjengs for alle oppgåver og heile løypa: stor underhaldningsfaktor og garantert uforgløymelege augneblink. 

I fjor deltok heile 12 lag frå bedrifter i Etne og Vindafjord på Heiso Reis.

– Poenget er å tilby ein dag spekka med gode opplevingar for alle som deltek.

Mandag 25. mai opnar påmeldinga for totalt 50 deltakarar – fordelt på ti femmannslag som må representera ei lokal bedrift eller organisasjon. Premien er ein flott vandrepokal (som må vinnast 3 gonger) og ein gåvesjekk på 5000,- kroner samt gratis deltaking påfølgande år.

Laga skal gjennomføra løypa på tid, men poenga ved kvar post undervegs vil også vega tungt når vinnaren skal kårast.

– Ruta og oppgåvene vil vera ny av året og sjølvsagt heilt framand for deltakarane.

 

Meir informasjon: kontakt John Karsten Hustveit på tlf.: 916 89 377

Høydepunkt

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, lørdag den 19. september
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage, i samarbeid med fleire aktørar innan lokalt reiseliv og næringsliv
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar
  • Ope for totalt 50 deltakarar (ti femmannslag)
  • Påmelding opna 25. mai kl. 09:00 via Åkrafjorden Oppleving si heimeside (www.aakrafjorden.no)

Reiserute

  1. TBA Etne/Ølen