Ei heiso reis 2020 ER AVLYST

I 2020 legg me pga COVID-19 IKKJE ut på ei Heiso Reis! Me håpar å komme starkare tilbake i 2021. Så følg med og ta vare.


Det blir desverre eit år utan vår lokalreality, fritt etter modell frå 71 Grader Nord og Amazing Race.

– Reisa blei eventyrleg for alle som var med i 2019. Helgevold Elektro var det beste laget og fekk eit napp i den flotte vandrepokalen. Frå tidligare år et det Frisk Treningssenter (2017) og Tveit Regnskap (2018) som har dradd sigeren i land.
På grunn av den uavklarte situasjonen kring arrangement og smittevernsreglar har me valgt å stå over utgåva for 2020. Nå skal bedriftene få tid til å komme tilbake til kvardagen,  så skal me starta planlegginga for ei utfordrande og spennande utgåve for alle deltakarar som vil væra med i 2021, seier arrangørar John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving.

Gjennom ei heil dagsreis, både til lands og til vanns, skal deltakarane ta seg fram gjennom ei ukjent løype i vårt flotte nærområde. I løpet av løypa skal dei utfordrast med ei rekkje oppgåver undervegs. Som tidlegare må deltakarane forventa å måtta ta seg noko ut, både fysisk, men også når det kjem til kreative evner, teamarbeid og tålmod. 

Gjengs for alle oppgåver og heile løypa: stor underhaldningsfaktor og garantert uforgløymelege augneblink. 

I fjor deltok heile 12 lag frå bedrifter i Etne og Vindafjord på Heiso Reis.

– Poenget er å tilby ein dag spekka med gode opplevingar for alle som deltek.

Mandag 25. mai opnar påmeldinga for totalt 50 deltakarar – fordelt på ti femmannslag som må representera ei lokal bedrift eller organisasjon. Premien er ein flott vandrepokal (som må vinnast 3 gonger) og ein gåvesjekk på 5000,- kroner samt gratis deltaking påfølgande år.

Laga skal gjennomføra løypa på tid, men poenga ved kvar post undervegs vil også vega tungt når vinnaren skal kårast.

– Ruta og oppgåvene vil vera ny av året og sjølvsagt heilt framand for deltakarane.

 

Meir informasjon: kontakt John Karsten Hustveit på tlf.: 916 89 377

Høydepunkt

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, 
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage, i samarbeid med fleire aktørar innan lokalt reiseliv og næringsliv
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar
  • Ope for totalt 50 deltakarar (ti femmannslag)
  • Påmelding er no stengt for 2020 då denne reisa er avlyst pga COVID 19

Reiserute

  1. TBA Etne/Ølen