Jettegrytene ved Rullestad

Jettegrytene i Rullestadjuvet er eit imponerande naturfenomen skapt under siste istida. Godt merka og sikra sti fører ned til dei sylinderforma grottene som du ikkje kan sjå frå vegen. Stien tar av frå den gamle postvegen som i seg sjølv er verd ein tur.

Jettegryter er runde groper i fjellet laga av vatn, is og steinmassar. I den bratte fjellveggen i Rullestadjuvet finst jettegryter som er fleire meter i diameter, og er blant dei største i Nord-Europa. Området der jettegrytene finst, ligg tett ved gamle E134 gjennom Rullestadjuvet, men du kan ikkje sjå dei frå vegen.

For å oppleva jettegrytene på nært hald, må du følgja den gamle postvegen langs elva, og ta av på skilta sti til Jettegrytene. Den tar deg til Jettegrytnuten med flott utsikt til vatnet, gardane og campingplassen på Rullestad og fjellmassiva rundt. Frå toppen går og klatrar du vidare ned «på baksida» av nuten i løype sikra med vaier og stigtrinn. Og plutseleg har du dei enorme gropene i fjellet rundt deg på fleire kantar, og står midt i eit eventyrleg og fascinerande naturfenomen!

Nokre av grytene heng nesten saman, medan andre ligg meir åleine. Grytene er blitt delvis fylte av jordmassar og vatn gjennom tusenvis av år, men er ikkje mindre imponerande av den grunn. Når du er ferdig å utforska eit av naturens underverk, klatrar og går du samme vegen tilbake over Jettegrytnuten og ned igjen til Postvegen og følja den vidare opp eller ned juvet. Postvegen frå 1800-talet er restaurert med murar langs elvekanten og trebruer langs bergveggen og er absolutt også verd ein tur.

Turen er relativt lett, men terrenget rundt jettegrytene er bratt og risikabelt. Fjellet må vera tørt, turen krever gode sko og eignar seg ikkje for folk med høgdeskrekk.

Estimert tid 2 timar. Skromme – Jettegrytene – Rullestad ca. 4 kilometer. Høgdeforskjell 110 – 360 moh.

Du startar turen frå den gamle europavegen gjennom Rullestadjuvet (skilta som severdighet frå E134). På andre sida av elva går den restaurerte Postvegen frå 1800-talet som er ein flott og mykje brukt tursti. Stien til jettegrytene tar av frå Postvegen. Postvegen er skilta og du kan starta frå garden Skromme på toppen av juvet (lettast) eller frå campingplassen og gardane nede ved Rullestadvatnet.

Sesong: Mai til Oktober

Send førespurnad

Lurer du på noko angåande denne aktiviteten? Gi oss ein lyd!